top of page

ROCKNE BOWL HAR STØRST BESØKSTAL I NORGE

Knute Rockne frå Voss gjorde amerikansk fotball til den største utandørsidretten i USA for 100 år sidan. Foreningen i Førde har med enkle grep gjort sporten til ein lokal publikumsmagnet innandørs.

I følge nettstaden ”Alt om amerikansk fotball”, trekk årskampen Rockne Bowl i Førde flest tilskodarar til amerikanske fotballarrangement her i Norge med omlag 1000 tilskodarar på kvar kamp. 

ROCKNE BOWL - OPPKALLA ETTER VOSSINGEN SOM REVOLUSJONERTE AMERIKANSK FOTBALL

I starten var rå muskelkraft avgjerande i amerikansk fotball, og det tyngste laget var som oftast det som vant. Immigranten knute Rockne frå Voss var den første som systematisk tenkte kva spelarar som passa roller på bana. Han  profesjonaliserte idretten, og gjorde amerikansk fotball til ein publikumsidrett. 
Nokre hevdar han fann opp ein ny måte å spele på. Sportshistorikarar meiner han heller fullførte sportens potensial.

Foreningen er stolt av å ha å etternamnet  til Knute, "Rockne", som ein del av arrangementsnamnet.

Det bidreg til at yngre generasjonar blir kjend med at det var ein nordmann som revolusjonerte amerikansk fotball i USA.

 I anledning USA\S 200 års jubileum lista Life Magazine vossingen Knut Kenneth Rokne ( Knute Rockne)

blant dei 3 mest betydningsfulle immigrantane i USA saman med Albert Einstein og Andrew Carnegie.

Knute Rokcne for sitt bidrag til idretten i USA.

Rockne var først lærar i kjemi ved Notre Dame University før han blei hovudtrenar for studentlaget. Det var frå dette universitetet han vidareutvikla og markedsførte skuleporten i USA. Sjå universitetslagets histore: The house that Rockne built.  

Ronald Reagan spelte i filmen om hans liv. Her kan du sjå og høyre Reagen si tale om Rockne.

 -"Rockne, who by the way was Norwegian, was a man of vision, someone larger than life, and a miracle man"

Rockne Bowl 2017 - Førde

bottom of page