Utstyrsett i eliteklasse
January 23, 2019
Bears og Eagles i Førde har fått trent med splitter nytt utstyr sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane. Einar Rødland har spelt high school football i USA der laget hans blei nr 3 i Delstaten Montana, men han liker den norske innandørs varianten bedre.
– Reglane er også litt annleis, seier Systad Rødland som legg til at det også er stor forskjell på utstyret.
– Utstyret som vi får bruke her er mykje betre enn det vi brukte i USA, seier han.
Samarbeid med Helse Vest
Han kursar treningskontaktar i å hjelpe folk med behov for det, for å lindre angst og depresjon. Hovudvekta ligg på å gje dei ein rus gjennom fysisk aktivitet. - Å samarbeide med Foreningen Rein Rus passar slik heilt utmerka. Ungdommane her utfører den teorien vi underviser, i praksis, seier Ruskonsulent i Helse Førde, Harald Munkvold.