top of page

Foreningen Oppvekst er ein frivillig organisasjon med fokus på helsefremmede arbeid retta mot barn og ungdom i Sunnfjord Kommune.

 

Hovudbodskapen er å formidle at fysisk aktivitet bidreg til betre psykisk helse. Aktivitetar saman med andre gir sosialt fellesskap og vil kunne styrke den enkeltes muligheit til å delta og på andre arenaer. Parallelt med at det sosiale nettverket utvidast, erfarer mange å få styrka sjølvbilde gjennom fysisk aktivitet.  

 

Vi har fokus på mangfald og inkludering gjennom våre tilbod som hovudsakleg er retta mot ungdom i alderen 10-19 år som er i ferd med, eller har falle ifrå den den ordinære idrettsverksemda.  

​

​

 

Foreningen har 12 skulelag fordelt på 6 skular innan Flaggfotball, Cheerdans og Arena Touchdown. Sistnemnde er ein variant av amerikansk fotball som spelast innandørs på handballbane.

i 2023 tel vi 206 aktive medlemar. 

 

Foreningen Oppvekst har ikkje eit direkte samarbeid med skulane, men bidreg gjennom våre tilbod til økt trivsel og engasjement blant elevane både på og utanfor skulen. 

​

Foreningen er arrangør av Rockne Bowl, Gameday Førde og Superball jr.

​

Over 200 aktive medlemar 

bottom of page