top of page
677220169_10163908021256208_2151567383672457903_n.jpg

Om oss

Vi trur på krafta i aktivitet og fellesskap. Fysisk aktivitet kan bidra til betre psykisk helse, meistring og auka livskvalitet. Når barn og unge er aktive saman med andre, får dei samtidig høve til å oppleve tilhøyrsle, bygge vennskap og bli ein del av eit sosialt fellesskap.

​

Målet vårt er enkelt: Fleire barn og unge skal få oppleve meistring, tilhøyrsle og gleda ved å vere i aktivitet saman med andre.

​​​

Gjennom aktivitetane våre ønskjer vi å skape trygge og inkluderande møteplassar der alle kan kjenne seg velkomne. Vi har eit særleg fokus på ungdom i alderen 10–19 år som er i ferd med å falle frå, eller allereie har falle frå, den organiserte idretten. Hos oss skal det vere rom for mangfald, ulike føresetnader og ulike ambisjonar.

​

Foreningen Oppvekst har 10 skulelag innan flaggfotball, cheerdans og amerikansk fotball på handballbane 

​

Sjølv om Foreningen Oppvekst ikkje har eit direkte samarbeid med skulane, er aktivitetane våre knytte til skulemiljøa. Gjennom tilboda våre ønskjer vi å bidra til auka trivsel, engasjement og fellesskap blant elevane – både på og utanfor skulen.

​

Vi står også bak arrangementa Rockne Bowl, Gameday Førde og Superball Jr., der aktivitet, idrettsglede og fellesskap står i sentrum.

​​

 

Foreningen Oppvekst

Hafstadvegen 36, 6800 Førde

Tlf.45 23 66 43

Orgnr. 912034356 

Dagleg leiar: Robin Marvik Gjesdal

bottom of page